Skulebesøk

Ein elev ved vg2 industriteknologi ringte oss før helga. Spørsmålet var: Kva gjer eg for å få meg lærlingplass?  Han hadde fleire spørsmål, og litt ut i samtalen blei vi einige om at vi tek turen og snakkar med heile klassa.

Nokre tips: Kva er førsteønsket ditt? Kva skjer om du ikkje får oppfylt det? Kan du tenke deg andre fag? Andre bedrifter? Kva med å pendle? Eller flytte?

Det er lurt å starte tidleg, og vi ser fram til å snakke med elevane ved Sykkylven vgs.

Share this post

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on linkedin
LinkedIn
Share on whatsapp
WhatsApp