IKT-servicemedarbeidarfaget

Drift og vedlikehald av IT-system finnast i alle typar verksemder, både offentlege og private.

Sentrale arbeidsoppgåver i IKT-servicemedarbeidarfaget er drift og vedlikehald av verksemda sine IT-system, informasjonssikkerheit, installasjon, bruk og vedlikehald av programvare. Du skal også kunne rettleie og lære opp andre i IKT-system. Etikk og personvern, service og brukarstøtte er oppgåver som også er viktige.

Kommunikasjon er viktig, både skriftleg og muntleg, på norsk og på engelsk. Du må være systematisk, nøyaktig, interessert i ny teknologi og du må kunne tenke nytt og vere kreativ. I dette faget vil du jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre.

Moglege vegar til fagbrev i IKT-servicefaget:

Vg 1 Vg 2 Vg 3
Informasjonsteknologi og medieproduksjon informasjonsteknologi 2 år som lærling i IKT-servicemedarbeidar-faget

Moglegheita for å få lærekontrakt utan «riktig» skulegang er der også. Ver då oppmerksom på at det kan medføre lengre læretid og fleire eksamenar før fagprøva.

Lærekandidat

Ein lærekandidat skal i løpet av opplæringstida si nå delar av læreplanmåla i faget. Det vil sei at det ikkje vil vere mogleg å ta fagprøva etter endt opplæringskontrakt. Det vil likevel vere mogleg å bygge vidare til eit fagbrev, lurer du på korleis, kan du ta kontakt med Opplæringskontoret for meir informasjon.