Om oss

Vår hovudoppgåve å kvalitetssikre fagopplæringa som blir gitt i våre medlemsbedrifter. Vi har lærlingen i fokus og vi har som mål at lærlingen skal ha ei god læretid, både fagleg og mellommenneskeleg. 

Arbeidet vårt består blant anna av lærlingsamtalar, bedriftsbesøk og skulebesøk. Vi deltek på utdanningsmesser og bidreg i arbeidet med å få fleire til å velje ei yrkesutdanning.

Vi har lærlingar frå fleire utdanningsprogram og våre medlemsbedrifter finnast i mange kommunar i Møre og Romsdal. 

Av faste aktivitetar kan vi nemne: instruktørkurs, dagsamlingar for lærlingar og lærlingtreff. Kvart år inviterar vi lærlingar og medlemsbedrifter til ei todagers-samling på Hotel Union i Geiranger. Programmet varierar fra år til år, men målet med samlinga er å bli enda betre på fagopplæring. 

Eit av årets høgdepunkt er når vi kårar årets lærling. Det gjer vi siste kvelden på lærlingtreffet. Her gjer vi også stas på våre nye fagarbeiderar, som blir invitert til fagbrevmarkering og feiring av fullført utdanning.

Medlemsbedriftene våre har i mange år bidrege i arbeidet med fagopplæring, noko vi er stolte av å vere en del av.

Våre tilsette

Astrid Drabløs

Dagleg leiar
Har jobba på kontoret sidan april 2007. Følgjer opp lærlingar i bedrift, har hovudansvar for formidling av nye lærlingar og ansvar for kontorets rekneskap. I tillegg til alt anna.

Hanne Renate Garli

Opplæringskonsulent
Har jobba på kontoret sidan april 2021. Følgjer opp lærlingar i bedrift, besøker skular, rekrutterar lærlingar og lærebedrifter, har ansvar for heimeside og sosiale medier. Og mykje meir.