Dagsamling

22. november hadde vi dagsamling for lærlingane våre. Denne gongen fekk vi besøke Ekornes på Ikornnes, og trass i utfordringar med ustabilt straumnett grunna uvér fekk vi gjennomført både førstehjelpskurs og omvisning i bedrifta.

Vi starta dagen i storm og straum som var litt av og på, men alle møtte opp friske og raske og klare for dagen!

Hans Kristian Aarhus og Harry Ståle Eikemo tok oss stødig gjennom eit par timar med førstehjelpskurs. Vi fekk lære det grunnleggane BLÅ -undersøke Bevisstheit, Luftvegar og Åndedrett. Vi fekk vidare lære om sårbehandling, brannskade, straumgjennomgang og til slutt hjerte- og lungeredding.

Jørgen Engeset og Emil Haugseth prøvar sårforbinding med enkeltmannspakke

Espen og Emil Bonesmo Barmen i aksjon med hjerte- lungeredding

 

Etter førstehjelpskurset fekk vi nydeleg lunsj med Ekornes før vi fekk ei grundig omvisning i fabrikklokala. Grunna det ustabile straumnettet denne dagen var det veldig mange av maskinene som måtte stå i ro, men vi fekk sjå godt korleis den kjente Stresslessen blir produsert likevel. Martin Lotz tok oss gjennom produksjonen, og det er ein mann med mykje kunnskap om bedrifta! Veldig kjekt!

Martin Lotz viser oss ein modell av fabrikken og fortel om bedrifta

Tilskjering av hud er ein nøysommeleg prosess, og når ein arbeider med eit så kostbart materiale er det viktig at ein får god opplæring!

 

Tusen takk for ein kjempekjekk og interessant dag!

 

 

Share this post

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on linkedin
LinkedIn
Share on whatsapp
WhatsApp