Industrisaumfaget

Med fagbrev i industrisaumfaget arbeider du i møbel-, tekstil- eller konfeksjonsindustrien. En fagarbeidar i industrisaumfaget vurderar råmaterialer og ferdig produkt med utgangspunkt i bedrifta sine kvalitetskrav. Sentrale oppgåver er førebuing og tilrettelegging av produksjonen, tilskjering og saum. Kvalitetssikring, samt vedlikehald og optimalisering av maskiner og utstyr er også viktige oppgåver.

Kompetanse om produksjonsprosessen og tilgrensa prosessar er vesentleg for at fagarbeidaren skal sjå heilheita i faget.

Du må kunne arbeide sjølvstendig, være nøyaktig og kreativ. Interesse for teknologi er også ein fordel.

Moglege vegar til fagbrev i industrisaumfaget:

Vg 1 Vg 2 Vg 3
Teknologi- og industrifag Industriteknologi 2 år som lærling i industrisaumfaget
Elektro og datateknologi X industriteknologi 2 år som lærling i industrisaumfaget
Handverk, design og produktutvikling Saum og tekstilhandverk 2 år som lærling i industrisaumfaget

X = kryssløp til vg2 industriteknologi

Moglegheita for å få lærekontrakt utan «riktig» skulegang er der også. Ver då oppmerksom på at det kan medføre lengre læretid og fleire eksamenar før fagprøva.

Lærekandidat

Ein lærekandidat skal i løpet av opplæringstida si nå delar av læreplanmåla i faget. Det vil sei at det ikkje vil vere mogleg å ta fagprøva etter endt opplæringskontrakt. Det vil likevel vere mogleg å bygge vidare til eit fagbrev, lurer du på korleis, kan du ta kontakt med Opplæringskontoret for meir informasjon.