Industrimekanikarfaget

Industrimekanikaren arbeider innan mange bransjer. Vi kan nevne møbel, mekanisk, skip, olje og kjemisk industri.

Bruk av maskiner og utstyr, lese og forstå teikningar og bruk av handverktøy gjer at faget er variert og byr på mange utfordringar. Industrimekanikaren vedlikeheld, lagar, monterar og reparerar maskiner og utstyr. Maskiner byggast om og delar skiftast ut. Industrimekanikaren har kjennskap til hydrauliske, pneumatiske og elektriske styresystem.

Ein industrimekanikar må kunne arbeide sjølvstendig, men også i samarbeid med andre. Du bør like praktisk arbeid og du må vere nøyaktig.

Moglege vegar til fagbrev som industrimekanikar:

Vg 1 Vg 2 Vg 3
Teknologi- og industrifag Industriteknologi 2 år som lærling i industrimekanikarfaget
Elektro og datateknologi X industriteknologi 2 år som lærling i industrimekanikarfaget

X = kryssløp til vg2 industriteknologi

Moglegheita for å få lærekontrakt utan «riktig» skulegang er der også. Ver då oppmerksom på at det kan medføre lengre læretid og fleire eksamenar før fagprøva.

Lærekandidat

Ein lærekandidat skal i løpet av opplæringstida si nå delar av læreplanmåla i faget. Det vil sei at det ikkje vil vere mogleg å ta fagprøva etter endt opplæringskontrakt. Det vil likevel vere mogleg å bygge vidare til eit fagbrev, lurer du på korleis, kan du ta kontakt med Opplæringskontoret for meir informasjon.