Plastfaget

Som fagoperatør i plastfaget bearbeidar du halvfabrikat til ferdige produkt. Det gjer du i bedrifter som framstiller produkt i plast. Dette blir gjort både med hendene og med hjelp av maskiner. Plastprodukt benyttast «over alt». Du finner det f.eks. i industrien, landbruket, næringsmiddelindustrien og i forbrukermarkedet.

Sentrale arbeidsoppgåver er å lage maler, fiksturer, programmer og andre hjelpemiddel. Du formar plast, bruker samannføyingsmetodar, bearbeiding, kontrollere og vedlikeheld produksjonsutstyr. Handtering av avfall og gjenvinning er også viktige oppgåver.

Teknisk innsikt, evne til å tenke nytt, vere strukturert og nøyaktig er viktige eigenskapar i plastfaget.

Moglege vegar til fagbrev i plastfaget:

Vg 1 Vg 2 Vg 3
Teknologi- og industrifag Industriteknologi 2 år som lærling i plastfaget
Elektro og datateknologi X industriteknologi 2 år som lærling i plastfaget

X = kryssløp til vg2 industriteknologi

Moglegheita for å få lærekontrakt utan «riktig» skelegang er der også. Ver då oppmerksom på at det kan medføre lengre læretid og flere eksamenar før fagprøva.

Lærekandidat

En lærekandidat skal i løpet av opplæringstida si nå delar av læreplanmåla i faget. Det vil sei at det ikkje vil vere mogleg å ta fagprøva etter endt opplæringskontrakt. Det vil likevel vere mogleg å bygge vidare til et fagbrev, lurer du på korleis, kan du ta kontakt med Opplæringskontoret for meir informasjon.