Verktøymakarfaget

Verktøymakarar arbeider i spesialiserte verkstader og i verktøy- og vedlikehaldsavdelingar ved produksjonsbedrifter.

Ein verktøymakar arbeider med småmaskiner og spesialmaskiner med framstilling og samanpassing av verktøy og utstyr. Vedlikehald og service av utstyr er også viktige oppgåver.

En verktøymakar er nøyaktig, arbeider planmessig og effektivt. Du vil arbeide både sjølvstendig og i samarbeid med andre. Godt handlag og praktisk sans er gode eigenskapar i verktøymakarfaget.

Moglege vegar til fagbrev som verktøymakar:

Vg 1 Vg 2 Vg 3
Teknologi- og industrifag Industriteknologi 2 år som lærling i verktøymakarfaget
Elektro og datateknologi X Industriteknologi 2 år som lærling i verktøymakarfaget

X = kryssløp til vg2 industriteknologi

Moglegheita for å få lærekontrakt utan «riktig» skulegang er der også. Vær då oppmerksom på at det kan medføre lengre læretid og fleire eksamenar før fagprøva.

Lærekandidat

En lærekandidat skal i løpet av opplæringstida si nå delar av læreplanmåla i faget. Det vil sei at det ikkje vil vere mogleg å ta fagprøva etter endt opplæringskontrakt. Det vil likevel vere mogleg å bygge vidare til eit fagbrev, lurer du på korleis, kan du ta kontakt med Opplæringskontoret for meir informasjon.