Lærlingtreff i Geiranger 2024

29. februar til 2. mars møttest vi tradisjon tru til lærlingtreff i Geiranger. For 27. gong samla vi lærlingar og faglege leiarar for fagleg og soasialt påfyll. Årets hovudtema var «Eit trygt arbeidsliv».

Først ut på programmet var besøk frå Bedriftshelsetjenesten i Sykkylven. Det er ikkje alle som veit kva BHT driv med og kan hjelpe oss med som arbeidstakarar, så litt innføring i dette måtte til. Randi Langeland ga oss ei god innføring i dette.

Randi fortel om Bedriftshelsetjenesten.

 

Resten av torsdagen gjekk til å bli betre kjent med kvarandre gjennom fleire teambuildingoppgåver og konkurransar. Her kom konkurranseinstiktet fram hos fleire!

Konkurranseinstinktet kom fram hos fleire!

 

Laurdag starta med eit innlegg om mobbing og trakassering frå elev- og lærlingombodet i Møre og Romsdal, Tove Regine Stranden. Ho fortalte om kva mobbing og trakassering er, og kva vi kan gjere for å forebygge det og hjelpe dei som blir utsett for det. Lærlingane og dei faglege leiararne fekk kome med fleire innspel både på kva som kan bidra til ei trygt og meir innkluderande arbeids- og læremiljø og til kva faktirar som kan auke risikoen for at nokon blir utsett for mobbing og trakassering.

Tove Regine snakkar om mobbing og trakassering

 

Medan dei faglege leiarane tok med seg dette temaet vidare i ei eiga samling fekk lærlingane høyre meir om det organiserte arbeidslivet. Arnfinn Hansen frå Industri Energi Ung fortalte både om historikken til LO og kva det vil seie ha ha eit organisert arbeidsliv.

Arnfinn Hansen fortel om plikter og rettigheiter i arbeidslivet

 

Så var det tid for å lee litt på seg igjen. Denne gongen var det Anders Hellebostad som hadde laga ei hinderløype som deltakarane skulle gjennom. Dei blei oppdelt i lag og med bind for augene skulle ein av lagkameratane blir leia gjennom fleire hinder -til stor underhalding for dei som fekk lov å sjå!

Glenn Helgesen leitar fram balansesansen!

 

Før lunsj fekk vi besøk av Bjørn Idar Lyngvær. Han tok oss gjennom eit sterkt innlegg som heitte «Ta deg saman!» Bjørn Idar har fleire gongar i livet møtt på store utfordringar og hatt ein god del motgang. Det toppa seg då han miste sonen i 2020. Han fortalte om viktigheita av å ha eit arbeid å gå til og å halde seg i aktivitet når ein har det verkeleg tøft. Det var eit sterkt møte som bevega mange..

Bjørn Idar hadde eit sterkt innlegg om tøffe opplevingar og depresjon

 

Etter lunsj har vi fast på programmet at vi skal ut og lufte oss litt. Denne gongen var det sett ut forskjellige postar som laga skulle gjennom. Nokre postar med spørsmål og oppgåver, medan andre var meir fysisk underhaldande!

Lagånda på topp i vakre omgjevnader!

 

Til slutt på programmet snakka Odd Ludvig Lie om arbeidsulykke i innlegget «Frå sjokk til rock». Han miste store delar av foten i ei klemulykke på VPK, då kalla Peterson. Han fortalte om vegen frå sjokket etter han miste foten og kva han gjorde i tida etterpå. Arbeidsplassen har blitt mykje tryggare i ettertid og det er stort fokus på sikkerheit i bedrifta. Han sjølv valde å ikkje let seg knekke av ulykka, men måtte også skifte fokus. Frå å vere aktiv i blant anna handball gjekk han til musikken. Han starta bandet Woodleg Odd og spelte trommer her. Bandet fekk stor suksess og var på turné i USA. Han laga til og med ein song om ulykka og spelte trommesolo på protesa!

Odd Ludvig Lie om den gongen han miste foten og måtte snu om på livet.

 

Fredag kveld inviterer vi inn alle som har tatt fagbrev det siste året til heder og ære. Dette er stor stas og vi er veldig stolte av denne gjengen!

Årets fagbrevmottakarar: f.v. Hanne Garli – dagleg leiar OMTM, Magnus Liavåg Rogne -automasjon Ekornes, Henrik Utgård -automasjon Ekornes, Mikael Blakstad -automasjon Ekornes, Anna Djupvik Nyhaug -industrisaum Stordal møbel, Iver Svindseth Pettersen -industrimekanikar Nyborg, Martin Løberg Nykrem – industrimekanikar Ekornes, Jesper Sellæg Svensli -industrimekanikar Ekornes, Stian Kjersheim – automasjon Ekornes, Runar Klokk -styreleiar OMTM

 

Vi kårer også årets lærling! I året vart det Nikolay Årnes som stakk av med den gjeve tittelen. Les meir om dette i eiga sak her: Årets lærling 2024 – OPPLÆRINGSKONTORET (tipnett.no)

Årets lærling 2024! f.v. Runar Klokk -styreleiar OMTM, Nikolay Årnes -årets lærling byggdriftarfaget Ekornes, Håvard Kulseth -fagleg leiar, Hanne Garli -dagleg leiar OMTM.

 

Vi er veldig fornøgde med årets samling, og vi vil takke alle som var med og gjorde dette til årets høgdepunkt! Vi gler oss allereie til neste år!

 

 

 

Share this post

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on linkedin
LinkedIn
Share on whatsapp
WhatsApp