Snikkarfaget

Frå 01.08.2022 heiter læreplanen Snikkarfaget med fordjupingsområde.

Snikkaren har arbeidsplassen sin i bedrifter som produserer vindauge, dører, trapper og/eller innreiingar av tre. Arbeidsplassen er i hovudsak på ein fast produksjonsstad, men det kan vere enkelte monteringsoppdrag ute på byggeplass.

I snikkarfaget spesialiserer du deg innan følgjande fordjupningsområde: produksjon av vindauge og dører, trapper eller innreiingar.

Arbeidsoppgåver:

  • teikne, produsere og sette saman møbler
  • materialhandtering
  • maskinering/bearbeiding
  • monteringsarbeid
  • overflatebehandling

Ein snikkar må kunne lage, lese og forstå arbeidsteikningar og spesifikasjoner og kunne velgje riktig material, verktøy og utstyr. Faget var tidlegare eit typisk handverksfag, men i dag er den maskinelle sida av faget langt meir framtredande enn den handverksmessige. Datastyrte maskiner er utbredt, og datakunnskap er viktig. Du bør kunne arbeide sjølvstendig, grundig og nøyaktig, vere kreativ og ha estetisk sans.

Moglege vegar til sveinebrev som snikkar:

 

Moglegheita for å få lærekontrakt utan «riktig» skulegang er der også. Ver då oppmerksom på at det kan medføre lengre læretid og fleire eksamenar før fagprøva