Byggdriftarfaget

Ein byggdriftar driftar og vedlikeheld bygg, både i privat og offentleg sektor.

Sentrale arbeidsoppgåver vil vere drift av lys-, ventilasjon-, varme- og kjøleanlegg, samt vatn- og avløpsinstallasjonar. Du føretek ettersyn av bygg og uteanlegg og du utfører enkle reparasjonar og vedlikehald. Du har også kontakt med andre yrkesgrupper og skaffar ekstern kompetanse ved behov.

En byggdriftar arbeider planmessig og effektivt. Du vil være ein ressurs for eigar og brukerar av bygget og du må kunne kommunisere og yte god service.

NB! Vil du bli byggdriftar er du lærling i 3 år, du må i løpet av læretida ta fellesfaga på vg2-nivå. Dei MÅ være bestått før du kan ta fagprøva som byggdriftar.

Moglege vegar til fagbrev som byggdriftar:

vg1 vg2
Bygg- og anleggsteknikk 3 år som lærling i byggdriftarfag

Moglegheita for å få lærekontrakt utan «riktig» skulegang er der også. Ver då oppmerksom på at det kan medføre lengre læretid og fleire eksamenar før fagprøva.

Lærekandidat

Ein lærekandidat skal i løpet av opplæringstida si nå delar av læreplanmåla i faget. Det vil sei at det ikkje vil være mogleg å ta fagprøva etter endt opplæringskontrakt. Det vil likevel vere mogleg å bygge vidare til eit fagbrev, lurer du på korleis, kan du ta kontakt med Opplæringskontoret for meir informasjon.