Industriturné 2022!

Denne veka har vi vore så heldige at vi har fått ha med oss VG2 industriteknologi og VG2 og VG3 automasjon ved Sykkylven Vidaregåande skule på Industriturné! Dag 1 var med VG2 industriteknologi og dag 2 med automasjonsklassene.

Begge dagane starta i klasserommet med ein liten time med informasjon frå opplæringskontoret. Målet var å vekke interessa for å vende blikket litt opp og ut og for å sjå alle moglegheitene elevane har i bygda vår.

Så var det tid for å reise ut på turné! Med buss sponsa av Sykkylven Industri- og næringslag gjekk turen for VG2 industriteknologi først til L.P Riksheim. Her fekk vi ein presentasjon om bedrifta frå Asbjørn Riksheim før vi fekk ein runde i produksjonen.

Ole Høibakk ved L.P Riksheim fortel om deira produksjon.

 

Etter L.P Riksheim gjekk turen vidare til Pla-Mek. Her fekk vi servert lunsj før vi fekk ein runde i produksjonen. Vi fekk også helse på det vi meinte kanskje kunne vere månadens tilsett, den sjølvgåande trucken Roy. Her var det også ein flott presentasjon om bedrifta frå Bjarne Olav Welle og Kai Bjørdal.

Kai Bjørdal viser fram eitt av dei mange produkta som Pla-Mek produserer.

 

Dagens siste bedriftsbesøk gjekk til Møre Trafo. Her fortalte Steinulf Grøvik om bedrifta før vi også her fekk ein runde i produksjonen. Med oss på besøket fekk vi noverande og tidlegare lærling som fortalte om sine prosjekt.

Lærlingen på Møre Trafo viser fram sitt prosjekt.

 

På dag 2 av industriturnéen var det VG2 og VG3 automasjon vi fekk med på tur. Vi starta som sist med litt informasjon i klasserommet før vi vart skyssa til Sykkylven stål. Her blei vi tatt imot av Karl Inge Rekdal og Lars Skog. Desse leda oss engasjert gjennom historia og status til bedrifta og på ei runde i fabrikken.

Eit strålande haustver var prikken over i-en begge dagane! Her blir vi tatt imot på Sykkylven stål.

 

Turen gjekk så vidare til Ekornes på Ikornnes. Her fekk vi servert lunsj av bedrifta medan vi fekk ei innføring om Ekornes som lærebedrift. Vi fekk helse på ein av lærlingane med fagleg leiar som fortalte oss om sine prosjekt. Vi blei så tatt med på vedlikehaldsavdelinga for å sjå på prosjektet som lærlingen arbeidar med saman med den faglege leiaren sin. Til slutt på Ekornes gjekk vi gjennom trebearbeids- og stålavdelinga som er dei avdelingane med mest automatisert produksjon.

Elevane får sjå prosjektet som lærlingen på Ekornes arbeidar med.

 

Siste bedrifta ut på denne industriturnédagen var Amatec. Her fekk elevane både høyre om og sjå fleire av dei finurlege og kreative produkta som Amatec utviklar.

Inspeksjon av saum for spleising av tau

Inspeksjon av saum for spleising av tau.

 

Dette har vore to utruleg kjekke dagar! Vi har vore heldig og få ha med oss tre så kjekke klasser og lærerane deira på tur! No satsar vi mot at dette blir ein årleg tradisjon! Takk til bedriftene som tok så godt i mot oss og laga til to svært vellykka dagar for oss og elevane som vi hadde med oss!

Share this post

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on linkedin
LinkedIn
Share on whatsapp
WhatsApp