Lærlingtreff Geiranger 2023

16.-18. februar møttest vi i Geiranger for det 26. årlege lærlingtreffet.

Lærlingar, lærekandidatar, faglege leiarar, instruktørar og fagbrevmottakarar samlast for fagleg og sosialt påfyll, og hovudtema i år var konsekvensar.

Vi starta med ei innleiing av Lars Urtegård som fortalte om sine val i livet, og konsekvensar av desse. Han kunne fortelje om vegen sin frå snikkar i ein dørfabrikk på Giske, innom ymse hendingar i livet og til det han gjer i dag, er med og utviklar spisestue for Ekornes.

Lars fortel om vegen og vala sine

 

Torsdag har vi alltid bli-kjent-oppgåver. Denne gongen hadde vi namneleik, tårnbygging og åme-løp. Nokon må utfordre komfortsonene sine her, men det er også mykje av poenget -samtidig som vi skal bli betre kjent med kvarandre.

Tårnbygging med papir og tape

Åme-løp fekk fram konkurranseinstinktet!

 

Fredag starta med informasjon frå fylket og gjennomgang av lærlingundersøkinga før vi delte gjengen i to grupper. Dei faglege leiarane gjekk gjennom og hadde diskusjonsoppgåver om vegen mot fagprøva, og lærlingane hadde kurs i privatøkonomi ved Sparebanken Møre.

Målfrid Nesje losa dei faglege leiarane gjennom vegen mot fagprøva

 

Mathias Ekornås var nestemann ut, og hadde eit inspirerande foredrag om si reise og konsekvensar av sine val. Han fekk oss til å sjå moglegheitene samtidig som han var opptatt av det er veldig lurt å tenke godt gjennom kritiske punkt ved store livsendringar. Når ein bryt ned «worst case» punkta og finn svar på desse, er det aller meste mogleg. Takknemlegheit er noko vi alle kan bli betre på, og vi bør leite etter dei positive sidene og ikkje dei negative.

Han tok oss gjennom ei oppgåve der vi skulle tenke at vi var 13 år igjen. Kva ville vi gjort annaleis? Kan vi sette i gang med dei endringane no om vi ikkje allereie har gjort dei?

Mathias fortel om sine vegval og takknemlegheit

 

Etter ein god lunsj var det politiet sin tur. Dei fortalte om sine oppgåver og lover og konsekvensar. Kva kan konsekvensane vere av lovbrot?

Politiet om sine oppgåver og lover og konsekvensar

 

Så var det ut på tur! Det er godt og viktig med frisk luft, og denne gongen bar det ut i regnvéret for poengjakt. Her vart gjengen delt opp i lag beståande av både lærlingar og faglege leiarar og fekk ei smørbrødliste med oppgåver dei kunne velje å løyse. Den gruppa som fekk flest poeng vann -skulle tru det var enkelt ikkje sant? Det var utruleg mange kreative og finurlege løysingar, her følger eit lite utval:

Gjenskap Beatles-coveret «Abbey Road»

Vass i fjøra -reint imponerande i februar!

Ta eit bilete der deltakerane har noko raudt på hovudet

 

Fredag kveld var det tid for kåring av vinnar av poengjakta, fagbrevmarkering og kåring av årets lærling. Dette er stor stas!

Vinnarlaget -Den siste sitronen!

Årets fagbrevmottakarar!

Frå venstre: Joakim Karlsen Urke (industrimekanikar, Møre Trafo), Preben Ulstein Myrnes (industrimekanikar, Ekornes), Adrian Kvalsvik Brunstad (industrimekanikar, Ekornes), Nils Martin Bjørke Huse (CNC-maskineringsfaget, L.P. Riksheim), Michael Skarbø Hans (automatisering, Møre Trafo), Anders Kurseth Eikemo (automatisering, Ekornes), Thomas Bueide (industrimekanikar, Sykkylven Stål), Oskar Johan Bakken (automatisering, Ekornes), Patrick Tafjord Bjørkmo (industrisnikkar, Møbeltre) og Malin Tomine Hide Nødset (industrisaum, Ekornes)

Ikkje til stades: Fredrik Bolsøy Reite (industrimekanikar, Ekornes), Ole-Martin Haldorsen Søvik (automatisering, Bravida), Daniel Boonta (industrisaum, Ekornes), Olav Høydalsvik (industrimekanikar, Stranda stålindustri), Henriette Mo Berkvik (logistikk, Fora Form)

Årets lærling, Iver Svindseth Pettersen!

Les meir om han i eiga sak!

 

Vi er kjempefornøgde med årets samling i Geiranger! Det er en fantastisk flokk med menneske vi blir kjent med, og det er veldig kjekt å kunne samlast i Geiranger kvart år! Vi gler oss allereie til neste år!

 

 

Share this post

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on linkedin
LinkedIn
Share on whatsapp
WhatsApp