Karrieredagar 2023

September og oktober er høgsesong for karrieredagar rundt på Sunnmøre, og vi har vore tilstades på fleire av dei.

Vi starta i Sykkylven med utdannings- og yrkesmesse. I år vart denne halden på Sykkylven kulturhus, og det var mange skular, opplæringskontor og bedrifter tilstades. Både elevar og foreldre fekk besøke messa, og det var gode moglegheiter for å finne ut av vegen vidare og vala elevane skal gjere inn mot vidaregåande skule.

 

Veka etter var det utdanningsmesse i to dagar i Ørsta. Vi heldt til i Ørstahallen, og mange skular og opplæringskontor var til stades og informerte om dei forskjellige studieretningane. Elevane frå ungdomsskulane på søre Sunnmøre var innom alle standane og fekk mykje informasjon! Vi tenker at øyrene var varme og augene store på veg heim desse dagane!

 

Den siste Karrieredagen var i Ålesund. Her heldt vi til på Sparebanken Møre arena, og også her var skular, opplæringskontor og bedrifter representerte. På dagtid var 10.klassene frå Ålesund og omegn på besøk og på kveldstid kunne foreldra også bli med sine unge lovande og få svar på sine spørsmål.

 

På desse dagane er vi så heldige at vi får stå på stand saman med fleire av lærlingane våre! Vi takkar Kristian Straumsheim, William Fure, Nikolay Årnes og Magnus Rogne for at dei var så sporty og stilte opp for oss! Snakk om gode ambassadørar for yrkesfag!

Kristian og William saman med Hanne i Ørsta

Magnus i Ålesund

Nikolay og Hanne i Ålesund

Share this post

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on linkedin
LinkedIn
Share on whatsapp
WhatsApp