Instruktørkurs

Forrige veke hadde vi samling for dei faglege leiarane og instruktørane våre. Vi møttest på Sagafjord hotell på Sæbø for kursing og nettverksbygging.

Synnøve Storvollen som er helserådgivar for lærlingar i Vestfold og Telemark tok turen for å snakke om fleire tema, bl.a.Kva driv oss menneske til å gjere som vi gjer, korleis bygge ein god relasjon til lærlingane, den vanskelege samtalen, og samarbeid for å førebu elevane til å kome ut i arbeid.

Mange kunne kjenne seg igjen i fleire av situasjonane som blei beskrive og fleire fekk også nye gode verkemiddel til arbeidet som fagleg leiar.

Etter programmet første dagen fekk dei som ønska det ein tur i Sæbø Fjordsauna. Dei barskaste tok også ein frisk dukkert i sjøen. Temperaturen ute var 6 minus!

For Opplæringskontoret er det viktig at dei faglege leiarane og instruktørane rundt i bedrifta får moglegheita til å knyte kontakter og nettverk. Dette kan lette arbeidet som fagleg leiar og ein kan hjelpe kvarandre når det trengs.

Takk for ei særs kjekk og lærerik samling!

 

Share this post

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on linkedin
LinkedIn
Share on whatsapp
WhatsApp