Industriturné 2022, vol.2

3. november var det tid for ein ny runde med industriturné. Denne gongen hadde vi med oss VG2 saum- og tekstilhandverk og VG2 og VG3 interiør frå Borgund VGS.

Vi starta dagen med eit besøk på Slettvoll på Stranda. Her fekk elevane og lærerane får Borgund høyre om historia og tanken bak konseptet til Slettvoll og dei fekk også ein runde i fabrikken der dei fekk sjå korleis ein pall blir til, frå tilskjering til ferdig møbel.

Turen gjekk så vidare til Stordal Møbel i Stordalen. Der fekk elevane også høyre om historia til Stordal Møbel, og korleis dei arbeider fram sine produkt. Også her fekk dei ein runde i fabrikken, og sjå korleis møblane blir produsert der.

Eli-Anne Lundanes fortel om prosessen for å lage ein pall.

Ole Håvard Stavseng fortel om historia til Stordal Møbel

Kåre Ytterlid viste oss rundt i produksjonslokala til Stordal Møbel

Share this post

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on linkedin
LinkedIn
Share on whatsapp
WhatsApp