Industriturné 2023!

6. og 8. september hadde vi med elevar frå Sykkylven vgs på industriturné i Sykkylven og på Stranda.

Vi starta 6. september med VG2 industriteknologi.

Turen gjekk først til Møbeltre og Stjernemadrassen i Straumgjerde. Elevane fekk ein runde i produksjonen og fekk prøve nokre av produkta til slutt. Håvar Tandstad fortalte om korleis det er å arbeide ved bedrifta og kva moglegheiter elevane kan ha innanfor trevare- og møbelbransjen.

Håvar Tandstad viser engasjert fram produksjonen på Møbeltre.

Elevane var nøgde med kvaliteten på sengane frå Stjernemadrassen.

 

Turen gjekk vidare til Aquaservice, også lokalisert i Straumgjerde. Der fekk elevane informasjon om bedrifta før vi også her fekk ein runde i produksjonen.  Per Anton Støylen og Aage Falch Gundersen tok oss rundt i fabrikken og viste fram nokre av produkta og korleis dei blir produsert. Det var mange som var overraska over kor mykje ein kan produsere av plast!

 

Ikkje mange visste at Aquaservice også produserer båtar.

 

Til slutt denne dagen besøkte vi Stranda stålindustri på Svemorka på Stranda. Her bleit vi tatt godt imot av Rolf Hjelle som fortalte om bedrifta før vi fekk ein runde i produksjonen. Her fekk elevane sjå forskjellige produkt og produksjonsmetodar som det kanskje kan bli aktuelt å bli ein del av i framtida.

 

 

Del 2 av industriturnéen var 8. september saman med VG2 og VG3 automasjon. 

Vi starta dagen på Pla-Mek i Sykkylven, der Kai Bjørdal fortale om bedrifta og produkta til Pla-Mek, og Bjarne-Olav tok oss engasjert gjennom produksjonen. Konklusjonen her var at dette måtte då vere ein automatikars draum å arbeide med!

Kai Bjørdal og Bjarne-Olav Velle tok godt imot oss på Pla-Mek

 

Turen gjekk vidare til Bravida avd. Sykkylven. Her tok Kjetil Klokk oss i mot i nyoppussa lokaler på Vik, og vi fekk ei fin innføring i Bravida og korleis dei gir liv til bygningar med bla. ventilasjon, luft og belysning. Vi fekk sjå korleis ein kan automatisere desse funksjonane og fjernstyring av installasjonane. Smarthus er kome for å bli!

Teknisk rom hos Bravida

Vi fekk sjå korleis ein kan fjernstyre bla. ventilasjon og temperatur i ei bygning

 

Den siste dagen på industriturné blei avslutta på Sandella, også i Sykkylven. Her blei vi tatt godt imot av Eivind Sætre og Hroar Pedersen, og vi fekk fortalt historien til bedrifta og kva og korleis dei produserer i dag. Vi fekk også ein runde i fabrikken der vi fekk sjå korleis dei produserer formstøypte innlegg til møblar, både til norske og utanlandske kundar.

 

 

Dette er andre gongen vi tek med oss elevar på industriturné, og då er det vel på tide å kalle det for ein tradisjon. Vi gler oss allereie til Industruturné 2024! Tusen takk til alle bedriftene som tok oss så godt i mot, og til Sykkylven Industri- og Næringslag for støtte til transport!

Share this post

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on linkedin
LinkedIn
Share on whatsapp
WhatsApp