På vegne av elevrådet ved Sykkylven vgs, har skulen invitert til #dittnestesteg.
Målet med #dittnestesteg er å vise ungdommane moglege arbeidsplassar i bygda no og framover. I tillegg til Sykkylven kommune, er det mange små og store arbeidsgjevarar. Alle med behov for dyktige og interesserte arbeidstakerar innan mange fagfelt.
Med oss på standen vår har vi med dyktige lærlingar som kan fortelje om sine val og korleis det er å vere lærling.
Møt opp og bli inspirert til å finne riktig utdanning- og yrkesval for deg.