Vi søker etter ny opplæringskonsulent!

Vår opplæringskonsulent går over i anna arbeid 1.april. Derfor søker vi no etter:

Opplæringskonsulent i 50% fast stilling frå 1. april 2025.Dato for oppstart kan diskuterast.

Løn etter avtale.

Kontorstad er i Sykkylven, med medlemsbedrifter og lærlingar i fleire kommunar i Møre og Romsdal.

 

ArbeidsoppgåverFølge opp lærlingar og lærebedrifter.

Rekruttere nye lærlingar og lærebedrifter.

Samarbeide med myndigheiter, skular og andre aktuelle aktørar.

Rekneskap, (ikkje eit krav), og andre kontoroppgåver.

 

KvalifikasjonarDu må kunne kommunisere og samarbeide godt, både med unge og vaksne.

Gode generelle digitale ferdigheiter samt god skriftleg og munnleg norsk.

Du må ha gjennomføringsevne, vere sjølvstendig, open og ærleg.

Førarkort kl. B, og disponere eigen bil.

Kunnskap om rekneskap er ein fordel, men ikkje eit krav.

 

ErfaringarArbeid med ungdom/unge vaksne.

Kunnskap om fagopplæring og aktuelle institusjonar.

Ønskeleg med erfaring frå industrien.

 

EigenskaparGode kommunikasjons- og samarbeidsevne.

Har gode mellommenneskelege eigenskapar.

Engasjert, initiativrik og løysingsorientert.

Vere eigna til jobben som opplæringskonsulent.

 

Søknad og CV sendast til: post@tipnett.no

Søknadsfrist: 31. mars 2025

Har du spørsmål, ta kontakt med dagleg leiar, Hanne Renate Garli på 95 14 19 78

Vår hovudoppgåve er å kvalitetssikre fagopplæringa som blir gitt i våre medlemsbedrifter. Vi har lærlingen i fokus og har som mål at lærlingen skal ha ei god læretid, både fagleg og mellommenneskeleg.

Arbeidet vårt består blant anna av lærlingsamtalar, bedriftsbesøk og skulebesøk. Vi deltek på utdanningsmesser og bidreg i arbeidet med å få fleire til å velje ei yrkesutdanning.

Vi har lærlingar frå fleire utdanningsprogram og medlemsbedrifter i mange kommunar i Møre og Romsdal.

Medlemsbedriftene våre har i mange år bidrege i arbeidet med fagopplæring, noko vi er stolte av å vere ein del av.

Share this post

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on linkedin
LinkedIn
Share on whatsapp
WhatsApp