Skulenær inviterer til gratis temakveld 4. november kl 18.00 på Næringsfabrikken, for føresette til elevar i ungdomsskulen og vidaregåande. Andre som arbeider med ungdom er også hjarteleg velkomne!
Tema er moglegheitene innan utdanning og arbeid i Sykkylven og omegn.
Program:
- Vi høyrer frå to elevar frå Sykkylven vgs; Mia Flister og Jonatan Liaskar.
- Kurt Sørgård og Mathias Hovet fortel om kva som har ført dei tilbake til bygda.
- Vi treff ein fersk fagarbeidar frå helse- og oppvekst, Helene Berg, og Margit Overå frå kommunen vil fortelje kva kompetansebehov dei har framover.
- Tre bedrifter fortel om kompetansebehovet i deira bransje; Bilspesialisten, Griff og Sykkylven stål.
- Trude Huse frå Sykkylven vgs fortel om moglegheitene innan utdanningssystemet.
Husk påmelding innan 31. oktober! Påmelding her:
Påmeldingsskjema til Temakveld for føresette – Fyll ut skjema
Vel møtt til ein triveleg kveld!
Kven er Skulenær?
Samarbeidsforumet Skulenær består av representantar frå Sykkylven ungdomsskule, Sykkylven vidaregåande skule, NAV, Sykkylven Industri- og Næringslag, Opplæringskontoret for Møbel-, Tre- og Mekanisk industri, Sykkylven kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune. Det handlar om å knytte utdanning og næringsliv tettare saman. Samarbeidsforumet møtast fast fire gongar i året, i tillegg til ulike samarbeid som skjer på tvers gjennom året.
Formål:
- Behovsretting av utdanningstilbodet for å for å møte framtidig kompetanse- og kapasitetsbehov i næringslivet lokalt/regionalt – vi skal bidra til å utdanne elevar som næringslivet har behov for.
- Styrke den vidaregåande skulen i Sykkylven – vi skal bidra til å styrke den vidaregåande skulen i Sykkylven gjennom å jobbe saman for å tilby relevante faglinjer, samt vere ein pådrivar i arbeidet med å informere og påverke på ungdomsskulenivå.
Mandat:
Samarbeidsforumet ønska å vere ein dialogarena for lokalt næringsliv og skulane i Sykkylven som kan ta dei overordna diskusjonane. Samarbeidsforumet skal kunne gje innspel der og når det er relevant, og vere ein pådrivar for å sette i gong aktivitet som bidreg til hovudformåla til forumet (sjå hovudformål 1 og 2).