Samling for 1.årslærlingar

Vi er tilbake etter ein god sommarferie, og er godt i gang med planlegging av hausten.

Vi har starta på møta med dei nye lærlingane i bedriftene våre, og denne veka hadde vi samling for alle 1.årslærlingar.

Møtestad var Skaparlinken i Sykkylven. Der vart vi kjent med kvarandre, og fekk servert lunsj frå Pizzabakern.

Vi snakka om forventingar, plikter og rettigheiter, korleis dei blei tatt i mot på den nye arbeidsplassen sin og korleis tida blir framover.

Det er ein kjekk gjeng som vi gler oss til å følgje gjennom læretida!

 

Share this post

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on linkedin
LinkedIn
Share on whatsapp
WhatsApp