21. august inviterte vi til samling på Næringsfabrikken for årets nye lærlingar.
I år har vi fått lærlingar i industrimekanikarfaget, automatiseringsfaget, industritekstilfaget, produksjonsteknikkfaget og IT driftsfaget.
I løpet av dagen saman fekk dei informasjon om rettar og plikter, mobbing og trakassering, praktisk informasjon i tillegg til at vi blei betre kjent med kvarandre.
Vi hadde også besøk frå elev- og lærlingombodet, Tover Regine Stranden.
Vi ser fram til å følgje gjengen gjennom læretida!