Robotsafari

24. og 25. juni var vi så heldig å få vere med på robotsafari saman med fleire bedrifter frå Sykkylven og Stranda, i regi av omstillingsprogrammet i Sykkylven og Kompetansesenteret for Robotteknologi på Osterøy.

Vi starta dagen med felles transport til Vigra før vi flyet tok oss til Bergen og vidare med buss til Osterøy. Der besøkte vi først Osterøy vidaregåande skule. Der fekk vi høyre om utdanningstilboda dei har, deriblant elektrofag og teknologi- og industrifag. Vi var også ein tur inn om verkstedet ved skulen, som var godt utstyrt med hjelp frå lokalt arbeidsliv. Skulen arrangerer også robotkurs, og har læreplassgaranti. Med andre ord er det fleire likheitstrekk mellom Osterøy og Sykkylven vgs.

   

Etter besøket ved Osterøy vgs gjekk turen vidare med eit utruleg flott veterankøyretøy! Dei smale vegane på Osterøy merkast ekstra godt med ein slik doning!

 

Dag to gjekk til fleire bedriftsbesøk og lokale attraksjonar.

Vi starta dagen med besøk hos Tysse Mekaniske Verksted. Der lagar dei 60 tilsette den kjente Tysse-hengaren. pr no hadde bedrifta mellom 500-1000 hengarar på lager, noko som er i knappaste laget. Med andre ord er mange kvalitetsbevisste og kjøper ein Tysse-henger.

Turen gjekk så vidare til Mjøsvågen Metallvarefabrikk med sine 70 tilsette. Her fekk vi sjå støyping av bronsedelar, utruleg stilig å sjå! Dei produserer bl.a deler til Jets vakumtoalett og safe stream fiskepumper.

Til lunsj fekk vi besøke Mjøsvågen landhandleri, der to lokale driv butikk og restaurant. Dei har også det som må vere Noregs minste museum frå smia som var i huset tidlegare. Vi besøkte også Kossdalssvingane, ein kjent tur som anbefalast på det sterkaste!

                    

 

Det siste bedriftsbesøket gjekk til K.Lerøy Metallindustri. Her arbeider 40 personar med platebarbeiding og cnc-maskinering. Ekornes er ein stor kunde og har vore det sidan 1976!

Felles for desse bedriftene er det mekaniske arbeidet og fokus på å utvikle fagkompetanse. Dei er også prega av verdssituasjonen og produserer litt til bla. Kongsberg-gruppa.

Turen blei avslutta med middag på Næringssmia i Lonevåg der vi fekk vete endå litt meir om samarbeidet mellom bedriftene, Kompetansesenteret for Robotteknologi (KORT) og skulen.

Ein veldig kjekk og lærerik tur til vakre Osterøy!

 

 

Share this post

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on linkedin
LinkedIn
Share on whatsapp
WhatsApp