Om oss

Vår hovudoppgåve å kvalitetssikre fagopplæringa som blir gitt i våre medlemsbedrifter. Vi har lærlingen i fokus og vi har som mål at lærlingen skal ha ei god læretid, både fagleg og mellommenneskeleg. 

Arbeidet vårt består blant anna av lærlingsamtalar, bedriftsbesøk og skulebesøk. Vi deltek på utdanningsmesser og bidreg i arbeidet med å få fleire til å velje ei yrkesutdanning.

Vi har lærlingar frå fleire utdanningsprogram og våre medlemsbedrifter finnast i mange kommunar i Møre og Romsdal. 

Av faste aktivitetar kan vi nemne: instruktørkurs, dagsamlingar for lærlingar og lærlingtreff. Kvart år inviterar vi lærlingar og medlemsbedrifter til ei todagers-samling på Hotel Union i Geiranger. Programmet varierar fra år til år, men målet med samlinga er å bli enda betre på fagopplæring. 

Eit av årets høgdepunkt er når vi kårar årets lærling. Det gjer vi siste kvelden på lærlingtreffet. Her gjer vi også stas på våre nye fagarbeiderar, som blir invitert til fagbrevmarkering og feiring av fullført utdanning.

Medlemsbedriftene våre har i mange år bidrege i arbeidet med fagopplæring, noko vi er stolte av å vere en del av.

Våre tilsette

Hanne Renate Garli

Dagleg leiar
Har jobba på kontoret sidan april 2021. Følgjer opp lærlingar i bedrift, har hovudansvar for formidling av nye lærlingar. Besøker skuler, rekrutterer lærlingar og bedrifter.
I tillegg til alt anna.

Isabell Cathrin Hagen

Opplæringskonsulent
Har jobba på kontoret sidan juni 2023. Følgjer opp lærlingar i bedrift, besøker skular, rekrutterer lærlingar og lærebedrifter, har ansvar for heimeside og sosiale medier. Og mykje meir.

Vårt styre

Runar Klokk

Runar Klokk er styreleiar.
Han arbeider ved Ekornes, avd. Tynes i Sykkylven.

Håvar Tandstad

Håvar Tandstad er nestleiar.
Han arbeider ved Møbeltre AS i Sykkylven

Fred Anton Alvestad

Fred Anton Alvestad er styremedlem.
Han arbeider ved Møre Trafo AS i Sykkylven.

Jan Ivar Klokk

Jan Ivar Klokk er styremedlem.
Han arbeider ved Nyborg AS i Sykkylven.

Synnøve Solheim

Synnøve Solheim er styremedlem.
Ho arbeider ved Slettvoll AS på Stranda.

Nina Helland

Nina Helland er styremedlem.
Ho er tilsett i og representerer arbeidstakarorganisasjonen Industri Energi.

Even Engeset

Even Engeset er 1. varamedlem.
Han arbeider ved Engeset mekaniske verksted AS på Stranda.






Terje Riksheim

Terje Riksheim er 2. varamedlem.
Han arbeider ved Amatec AS i Sykkylven.

Wibeke Nedregotten Jarnes

Wibeke Nedregotten Jarnes er varamedlem for arbeidstakarorganisasjonen Industri Energi.
Ho arbeider ved Ekornes AS i Sykkylven.