Lærlingtreffet 2020

Korleis kan vi bli best mogleg på fagopplæring? Vi må sjølvsagt kunne faga det skal givast opplæring i, men i tillegg må vi alle arbeide saman for å nå våre felles mål. Difor var tema for årets lærlingtreff SAMARBEID.

Målet var å sette fokus på kor viktig godt samarbeid er. Skal vi ha dyktige lærebedrifter, er det mange som må bidra. Vi har for eksempel leiarar, kollegaer, tilsynsrepresentantar og lærlingane.

Vi hadde med oss mange gode bidragsytarar til programmet: Hotellsjef ved Hotel Union, Finn Nustad, presenterte hotellet og kva som må til for at vi får det oppholdet vi ønsker. Trygve Ebbesvik frå Personalomsorg sette fokus på kva kvar enkelt kan bidra med for å betre samarbeidet. Leif A. Grimstad hadde innlegg der vi måtte ut av komfort-sona og bidra i fellesskap for å få gode resultat. Åsne Folstad ved Sykkylven Næringsutvikling viste korleis ein forretningsidé kan bli verkeliegheit; sjølvsagt ved hjelp av samarbeid.

Bedriftene og Opplæringskontoret arbeider målbevisst for at lærlingane skal få ei god og trygg læretid. Om det likevel er slik at ting ikkje er som de bør, kan dei kontakte elev- og lærlingombodet i fylket. Tove-Regine Stranden presenterte seg og si rolle. Vi håper ingen av våre lærlingar treng å ta kontakt, men det er viktig å vite at ombudet finnast.

Vi hadde «utetime» der samarbeid også var tema, då alle skulle løyse forskjellige oppgåver og konkurrere blant anna i logisk tankegang.

Som eit av de siste innlegga kom Øyvind Vebenstad frå politiet og snakka om motivasjon og livsmeistring. Eit personlig innlegg som tydeleg gjorde inntrykk på deltakerne.

Etter evalueringane som kom inn, trur eg at vi utan tvil kan gi lærlingtreffet vurderinga: bestått. Innhaldsrike og forhåpentlegvis lærerike dagar i Geiranger.

 

Share this post

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on linkedin
LinkedIn
Share on whatsapp
WhatsApp