Lærlingtreff i Geiranger

Sjølv om tidspunktet på året er noko uvanleg, fekk vi endeleg samle lærlingar, faglege leiarar og instruktørar igjen!

Tema for årets samling var eg – du – vi, menneske i utvikling og vekst. I tillegg hadde vi fleire innlegg frå tidlegere lærlingar som har gått vegen frå fagbrev til ingeniør eller produktutvikling. Instruktørane og de faglege leierane hadde eige instruktørkurs.

Deltakerane fekk bryne seg litt på teambuilding-oppgaver, som ballongstafett, melkespannhalding og spaghettitårnbygging.

Samlinga blei avslutta med høgtideleg fagbrevmarkering. Då blei det gjort stas på alle som har tatt fagbrev sidan sist samling.

 

Share this post

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on linkedin
LinkedIn
Share on whatsapp
WhatsApp