Årets lærling 2020

Kvart år kårer styret i Opplæringskontoret årets lærling. Kriteria er sett av tidlegare lærlingar og de sei noko om oppmøte, engasjement, yrkesstoltheit, bidrag til arbeidsmiljøet og ikkje minst fagleg kompetanse og utvikling.

Vi fekk inn mange gode kandidatar og det var inga enkel oppgåve for styret. Her er noko av begrunningane som kom inn:

– opptrer positivt overfor kundar

– bidrar godt i diskusjon etter gode løysingar

– er klar for dagens oppgåver før vi andre møtt opp på arbeidsplassen

– med slik framdrift og iver så tidleg i læretida, ser vi fram mot fortsetjinga

– med mine erfaringar gjennom åra, så utmerkar han seg på ein særs positiv måte, både sosialt som kollega og som førebilete for andre medarbeiderar

Som sagt: mange gode kandidatar!

Elias var den som trekte det lengste strået, og blei kåra til årets lærling 2020. Vi gratulerer Elias, fagleg leiar Jonas Melseth og lærebedrifta J.E. Ekornes AS. Veldig bra!

Share this post

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on linkedin
LinkedIn
Share on whatsapp
WhatsApp