Lærlingtreff i Geiranger

Opplæringskontoret for møbel-, tre- og mekanisk industri arrangerte 13.-15. mars det 28. lærlingtreffet i Geiranger.

Om lag 50 lærlingar og faglege leiarar møttest for fagleg og sosialt påfyll, og ytterlege 15 møtte til fagbrevmarkering og kåring av årets lærling.

Vi starta torsdag ettermiddag med innleiingar frå Målfrid Nesje og Rakel Heimvon frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Dei kunne kome med nyttig informasjon frå fylket og om moglegheita for å tilbringe deler av læretida gjennom utplassering i Europa.

Fredag fekk vi besøk av Terese Myklebust og Ester Alnes Osnes som hadde kræsjkurs for dei faglege leiarane. Samstundes fekk lærlingane ei god innføring i det organiserte arbeidslivet frå Kent Logan Jelle frå Fellesforbundet.

Terese Myklebust og Ester Alnes Osnes, kræsjkurs i pedagogikk

 

Daniel Nekstad var årets lokale innslag, og fortalte si historie. Han heldt innlegg om vegen frå skulk til bedriftseigar. Der kunne han fortelje at han allereie på barneskulen skulka mykje skulen og kom seg tidleg ut i praktisk arbeid. Takka vere menneske rundt han som såg behovet hans for anna arbeid enn på skulebenken, og eigen god innsats som anleggsmaskinførar, i dag er ein godt etablert fagarbeidar og bedriftseigar. Han kom til slutt med tips om blant anna å ikkje setje seg ned ved motgang og for å setje pris på oppgangane må ein lære seg å takle nedgangane. Ein må ta ansvar for eigen kvardag, mase og vere nysgjerrig.

Daniel Nekstad, frå skule til bedriftseigar

 

Etter lunsj fekk vi ein svært interessant innlegg om søvn, kosthald og andre faktorar som påverkar kroppen og helsa vår. Øyvind Try Leiner, som er fysioterapeut og kognitiv terapeut tok oss gjennom kva konsekvensar det kan ha for kroppen og arbeidsevna vår med for lite søvn, dårleg kosthald og andre uvaner.

Også i år hadde vi fleire bli-kjent-oppgåver. Målet med desse er å bli kjent med kvarandre på ein måte vi ikkje blir ved å høyre på foredrag eller kanskje heller ikkje blir på arbeidsplassen.  Nokon må nok utfordre komfortsonene sine i løpet av desse øvingane, men det er då vi utviklar oss!

Tårn av spaghetti og marshmallows, ein klassikar

Namneleiken, det har blitt ein tradisjon

Strategilegging før poengjakt?

 

Fredag kveld er nok for høgdepunktet for mange. Då inviterer vi inn alle som har tatt fagbrev i løpet av det siste året til ei høgtidleg markering og vi kårer årets lærling. Sjølve fagbrevet frå dei tilsendt frå fylkeskommunen, men dei får ei gåve frå opplæringskontoret og heder og ære. Vi gratulerer alle som no kan kalle seg fagarbeidar!

Årets fagbrevmottakarar: f.v. Maciej Decyk (industrisnikkar, Møbeltre), Erika Oginte (industrisnikkar, Møbeltre), Noureddin Arrat (automasjon, Møre Trafo), Beth Solheim (industrisnikkar, Møbeltre), Kristian Straumsheim (industrimekanikar, Ekornes), Marcus Kalstad Paulsen (automasjon, Amatec), Leo Bjørke Huse (automasjon, Ekornes), Gedmante Kazenaite (industrimekanikar, Ekornes), Anna Dybvik Nyhaug (industritapetserer, Stordal møbel), Silje Emdal Bævre (cnc-maskinering, Ekornes), Ingrid Risvik Tynes (industrimekanikar, Ekornes), René La Roche (plastfaget, Aquaservice), Louis Weber (industrimekanikar, Sykkylven stål) og Daniel Odorski (plastfaget, Aquaservice)

I tillegg har vi nokre som ikkje hadde anledning til å møte, men som vi sjølvsagt også vil gratulere som fagarbeidar: Nikolay Årnes (byggdriftar, Ekornes), Jørgen Engeset (industrimekanikar, Engeset mekaniske verksted), Joris Linkus (automasjon, Orkla) og Johan Helsem (automasjon, Orkla)

 

Alle deltakarane samla!

Share this post

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on linkedin
LinkedIn
Share on whatsapp
WhatsApp