Kva er ein lærling

Å vere lærling betyr at du utdannar deg til eit yrke ved å arbeide i ei bedrift. I bedrifta får du både opplæring og praksis i eit fag.

I byrjinga av læretida går det meste av tida med til opplæring, men etter kvart deltek du i dei vanlege arbeidsoppgåvene på arbeidsplassen. Du har same rettar og plikter som andre tilsette i bedrifta, men har også krav på opplæring etter læreplanen i faget.

Bedrifta du arbeider i må vere godkjent som lærebedrift. Du har krav på kontinuerleg oppfølging og vurdering gjennom heile læreperioden. 

Som lærling avsluttar du utdanninga med ei prøve, og får svennebrev eller fagbrev etter bestått prøve. Svennebrev gjevast i handverksfag, medan fagbrev gjevast i dei andre lærefaga.

  • Du skal delta aktivt i opplæringa, og vere med på planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæringa.
  • Du må bestå i alle teoretiske fellesfag og programfag frå videregåande skule for å kunne gå opp til fag-/svenneprøva.
  • Møt presis på jobb!
  • Du har same arbeidstid som vanlege arbeidstakerar i bedrifta. Dette gjeld også rett til ferie. Som lærling har du eksempelvis ikkje to månader sommerferie slik du hadde på videregåande skule.
  • Meld frå til lærebedrifta viss du blir sjuk, eller om det er ein annan grunn som gjer at du ikkje kan møte på jobb.
  • Ver høfleg og gjer arbeidsoppgåvene dine når du er på jobb. På jobb skal du ikkje prate i telefonen med vennar, sitje på Facebook eller gjere andre ting som ikkje har med jobben å gjere.