Instruktørsamling

Erfaringsutveksling og nettverksbygging er viktig for dei som driv med opplæring i bedrift. Difor satsar vi på Opplæringskontoret på samlingar for faglege leiarar og instruktørar gjennom heile året. 21.juni arrangerte vi instruktørsamling, denne gongen i Sykkylven.

Vi starta dagen med bedriftsbesøk på Nyborg der vi fekk fortalt historia til bedrifta og vi fekk ei runde i produksjonen.

Iver Pettersen, som er lærling i industrimekanikarfaget ved Nyborg, viser oss eit av produkta han produserer.

Jan Ivar Klokk, som er fagleg leiar i bedrifta, viser oss fleire produkt.

 

Etter besøket ved Nyborg fortsette vi til Høbben der det var duka for lunsj og samling. Christian Hellebostad tok oss gjennom tips og triks ved fagprøve. Kva må ein tenke på som fagleg leiar i løpet av læretida, før og undervegs fagprøva? Han sit i prøvenemnda for automatiseringsfaget og delte erfaringar frå det arbeidet.

Christian Hellebostad fortel om fagprøva.

 

Til slutt fekk deltakarane fleire situasjonar som dei kan hamne i som fagleg leiar som dei skulle diskutere seg mellom.

 

Share this post

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on linkedin
LinkedIn
Share on whatsapp
WhatsApp