Industriturné 2024, del 1

Første klasse ut er VG2 saum- og tekstilhandverk frå Borgund VGS.

Etter ønske frå elevane og lærarane i klassa besøkte vi først Ekornes i Sykkylven. Vi fekk høyre litt om bedrifta før vi fekk ei omvisning på tilskjering og saum.

Elevane og lærarar i samtale med tidlegare elev, og no lærling på Ekornes, Ruben Halog Bjørke.

 

Turen gjekk så vidare til Fora Form i Ørsta. Her fekk vi også vite litt om bedrifta og sjå på nokre av møblane som blir produsert her. Fora Form produserer møblar mest til private og offentlege bedrifter, medan Ekornes produserer til det private markedet. Storleiken og type produksjon er det følgande stor forskjell på.

Jan Gunnar Aarhus viser fram stolar som er til omtrekking.

 

Elevane fekk også sjå litt utfordringar i praksis rundt reise og ferjetider på Sunnmøre. Sjølv om dette kan vere litt problematisk fekk vi likevel til å besøke to flotte og spanande bedrifter denne dagen!

Takk for at vi fekk kome på besøk til dokke, Ekornes og Fora Form!

Share this post

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on linkedin
LinkedIn
Share on whatsapp
WhatsApp