Industriturné 2025!

11. og 12. september var vi så heldige at vi fekk ha med oss VG2 og VG3 Automasjon og VG2 Industriteknologi ut på industriturné, noko som har blitt ein av hausten sine tradisjonar. To fullstappa dagar med bedriftsbesøk saman med kjekke ungdomar frå Sykkylven vidaregåande skule! Og i ekte turnéstil vart vi frakta rundt i eigen turbuss, sponsa av Sykkylven Industri- og Næringslag.

Dag 1 var vi saman med automasjonsgjengen. Første besøket gjekk til Ekornes avd Tynes, der fekk dei ein grundig gjennomgang saman med faglege leiarar og lærling. Ved denne avdelinga er det svært høg grad av automatisert produksjon, og der er over 20 robotar i sving! Her produserer dei laminat som blir brukt bl.a i det kjente Stressless-understellet.

Ein av dei mange robotane ved Ekornes avd. Tynes

Turen gjekk så vidare til Møre Trafo. Her fekk vi også ein engasjert og svært interessant runde i produksjonen. Her satsar dei stort, og det er stadig nytt utstyr og maskiner i produksjonen. Skal ein henge med i utviklinga må det invisterast i både maskiner, utstyr og kompetanse. Møre Trafo produserer trafoar og nettstasjonar i både liten og stor variant.

Ein engasjert Marcin tok oss rundt i produksjonen på Møre Trafo

Siste bedrift ut på dag ein var Bravida, avd Sykkylven. Her traff vi Kjetil Klokk i bibliotekparken, for han ville nemleg vise oss eit teknisk rom -ein typisk lokasjon når ein arbeidar i Bravida. Bravida avd. Sykkylven installerar bla. ventilasjon i både nye og gamle og små og store bygg.

         

Kjetil fortel om bedrifta og viser oss eit teknisk rom i Aure sentrum 

 

Ein kjekk gjeng frå VG2 og VG3 Automasjon!

 

Dag 2 på industriturnéen var saman med VG2 Industriteknologi. Vi starta dagen på Sykkylven stål. Der kunne Lars fortelje oss litt om bedrifta før vi fekk ein flott runde i i fabrikken. Sykkylven stål produserer stålkomponentar til både møbelbransjen og til den maritime bransjen, i tillegg til mange andre.

Lars viser oss ein av dei mange komponentane dei produserer ved Sykkylven stål

Turen gjekk så vidare til Ekornes, avd Ikornnes. Vi fekk også her først ei lita innføring om bedrifta før oss fekk ein runde i fabrikken. Her er det langt frå ein ende til anna, så føtene fekk fart på seg! Ekornes avd. Ikornnes produserer bla. den berømte Stressless-stolen.

Bergljot viste oss rundt i fabrikken

Ein av lærlingane har ordna seg ein flott sparkesykkel!

Siste bedrift ut for årets industriturné var Galvano på Stranda. Her kunne Maria stolt vise oss ein produksjon av komponentar til møbelbransjen. Dei er den einaste bedrifta i Noreg som produserer stålprodukt i blank nikkel, matt nikkel og pulverlakkering under same tak.

Mykje spanande å studere på på Galvano!

Gjengen frå VG2 Industriteknologi

Etter to dagar med bedriftsbesøk var vi to slitne, men lykkelege damer som ikkje er i tvil om at vi  gler oss allerede til neste år og neste industriturné! Takk til gjengen på Sykkylven vgs for at dokke ville tilbringe to kjekke dagar saman med oss!

 

 

Share this post

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on linkedin
LinkedIn
Share on whatsapp
WhatsApp