7. desember var vi på ny Industriturné i Sykkylven, denne gongen saman med elevar og lærarar frå saum- og tekstilhandverk og interiør frå Borgund Vidaregåande skule.
Vi starta dagen i ekte rockestjernestil, elevene kom nemleg med turnébuss til dagens første bedriftsbesøk.
Først ut var Jarnes møbler i Hundeidvik. Dette er ei lita bedrift med få tilsette, men dei har mykje å styre med, og dei tilsette får arbeide med det meste i produksjonen. Her må ein vere allsidig for å arbeide!
Designer Jarle Slyngstad fortalte om produksjonen og designprosessen til Jarnes møbler.
Turen gjekk vidare til Ekornes på Ikornnes. Det er ei bedrift i heilt andre enden av storleikskalaen i forhold til Jarnes møbler!
Vi fekk ein fin presentasjon frå Bergljot Hjortdal, før vi fekk ei omvisning i kundeordreproduksjonen på Ekornes. Det vil seie, tilskjering, saum og trekking/montering av Stressless.
Til slutt i besøket fekk vi ei innføring i korleis interiørarkitektane hos Ekornes arbeidar.
Tilskjeringa på Ekornes er avansert!
Elisabeth Nedreberg fortel om 3d-strikkproduksjonen ved Ekornes, ei nysatsing innanfor møbel.
Til slutt denne dagen besøkte vi L.K. Hjelle på Vikøyra.
Jens Peter Brunstad fortalte oss om korleis L.K. Hjelle tenker og arbeider for å utvikle og produsere sine møblar.
Dei er opptatt av at det skal vere lokal produksjon i alle ledd, og at ei skal kunne bytte delar og fikse på dei møblane ei kjøper hos dei. Berekraft er viktig for L.K Hjelle.
Jens Peter viser på Sykkylvskartet at dei er opptatt av lokal produksjon i alle ledd.
Dag Hjelle, 3.generasjon Hjelle i bedrifta, tok oss med rundt i produksjonen.
Det var ein kjempekjekk dag saman med elevar frå Borgund vidaregåande skule.
Det er viktig å vise elevane moglegheitene dei har til å arbeidet med faget sitt her i området, og denne dagen fekk dei sjå stor variasjon innanfor same bransje.