Felles samling for lærlingar i Sykkylven

Lærlingane samla utanfor Ekornes

LO Sykkylven tok i 2019 initiativ til ei felles samling for alle lærlingar i Sykkylven. Med seg på laget fekk dei Opplæringskontoret for møbel-, tre- og mekanisk industri. OMTM sine sine lærlingar utanfor Sykkylven blei også invitert. Samlinga var ein suksess, og målet vart dermed at denne samlinga skulle blir årleg. Grunna korona har det ikkje vore fleire samlingar, men i år kunne dei endeleg møtast igjen.

25. mai møttest om lag 40 lærlingar frå industri, kommune, bygg, transport, bil og anlegg. Dei starta dagen på Ekornes på Ikornnes. Der fekk lærlingane høyre om Ekornes som lærebedrift, både frå Bergljot Hjortdal ved HR-avdelinga og Jonas Melseth, som er ein av dei faglege leiarane ved bedrifta. Lærlingane fekk også besøk av Joakim Silkoset som er fagleg ungdomssekretær i LO i Møre og Romsdal. Han kunne fortelje ungdomane litt om historia til fagrørsla og kva som er fordelane ved å vere organisert. Sparebank1, som er banken for LO-medlemmar, var der og hadde innlegg om privatøkonomi.

Lærlingane fekk ei omvisning i bedrifta før turen gjekk vidare til Vikedalen barnehage. Vikedalen barnehage er i likheit med Ekornes også ei lærebedrift. Her kunne leiar Steinar Klokk fortelje om viktigheita av eit godt arbeids- og læremiljø for at både barn og vaksne skal ha det bra i barnehagen. Også her fekk lærlingane ein runde i bedrifta.

Dagen blei avslutta med felles middag på Raus.

Målet med denne samlinga er først og fremst å samle lærlingar til ein dag med fagleg påfyll og nettverksbygging. I tillegg ønsker LO og Opplæringskontoret for møbel-, tre- og mekanisk industri å vise fram dyktige lærlingar og lærebedrifter i Sykkylven. Håpet er å rekruttere fleire til å ta utdanninga si i Sykkylven i framtida.

Share this post

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on linkedin
LinkedIn
Share on whatsapp
WhatsApp