Med fagbrev i produksjonsteknikkfaget skal du kunne starte, stoppe og drive industrielle produksjonsprosessar i små og mellomstore industribedrifter. Både mekaniske, elektroniske og digitale funksjonar blir brukt i produksjonsteknikkfaget.
Som produksjonsteknikker planlegg du ein effektiv, lønsam og optimal drift, og foreslår forbedringstiltak. Du berekner materialforbruk og vel material, metode og måleutstyr basert på ordre.
Evne til å sjå samanhengar, samarbeid med andre yrkesgrupper, effektivitet, nøyaktigheit og praktisk sans er viktig. Ny teknologi bør også interessere deg.
Mulige veier til fagbrev i produksjonsteknikkfaget
Vg 1 | Vg 2 | Vg 3 |
Teknologi- og industrifag | Industriteknologi | 2 år som lærling i produksjonsteknikkfaget |
Elektro og datateknologi | X Industriteknologi | 2 år som lærling i produksjonsteknikkfaget |
X = kryssløp til vg2 industriteknologi
Moglegheita for å få lærekontrakt utan «riktig» skulegang er der også. Ver då oppmerksom på at det kan medføre lengre læretid og fleire eksamenar før fagprøva.
Lærekandidat
En lærekandidat skal i løpet av opplæringstida si nå delar av læreplanmåla i faget. Det vil sei at det ikkje vil vere mogleg å ta fagprøva etter endt opplæringskontrakt. Det vil likevel vere mogleg å bygge vidare til eit fagbrev, lurer du på korleis, kan du ta kontakt med Opplæringskontoret for meir informasjon.