Platearbeidarfaget

Platearbeidaren arbeider blant anna i mekanisk industri, trebearbeiding, skipsindustri og oljeindustri.

Arbeidet føregår etter spesifiserte metodar og prosessar. Platearbeidaren handterar material, hjelpestoff og verktøy for materialbearbeiding. Alle typar platebearbeidingsmaskiner blir brukt.

Ein platearbeidar må kunne arbeide nøyaktig, effektivt, rasjonelt og planmessig. Du arbeider både sjølvstendig og i samarbeid med andre. Du bør ha teknisk innsikt, sosial kompetanse og godt handlag.

Moglege vegar til fagbrev som platearbeidar:

Vg 1 Vg 2 Vg 3
Teknologi- og industrifag Industriteknologi 2 år som lærling i platearbeidarfaget
Elektro og datateknologi X Industriteknologi 2 år som lærling i platearbeidarfaget

X = kryssløp til vg2 industriteknologi

Moglegheita for å få lærekontrakt utan «riktig» skolegang er der også. Ver då oppmerksom på at det kan medføre lengre læretid og fleire eksamenar før fagprøva.

Lærekandidat

Ein lærekandidat skal i løpet av opplæringstida si nå delar av læreplanmålea i faget. Det vil sei at det ikkje vil være mogleg å ta fagprøva etter endt opplæringskontrakt. Det vil likevel vere mogleg å bygge vidare til eit fagbrev, lurer du på korleis, kan du ta kontakt med Opplæringskontoret for meir informasjon.