Logistikkfaget

Ein logistikkoperatør kan arbeide i dei fleste bransjar, transportbransjen, industri, verkstad eller anna industri og næringsvirksomheit.

Du skal bruke og vedlikehalde teknisk utstyr som ein del av din arbeidskvardag. Handtering av gods, ordrebehandling, lagerhald og emballering er viktige oppgåver. Andre oppgåver er informasjonshandtering, service, kundebehandling og kommunikasjon.

En god logistikkoperatør arbeider effektivt, planmessig, nøyaktig og rasjonelt. Du må samarbeide med andre, yte service og arbeide sjølvstendig.

Moglege vegar til fagbrev som logistikkoperatør:

Vg 1 Vg 2 Vg 3
Teknologi- og industrifag Transport og logistikk 2 år som lærling i logistikkfaget

Moglegheita for å få lærekontrakt utan «riktig» skulegang er der også. Ver då oppmerksom på at det kan medføre lengre læretid og flere eksamenar før fagprøva.

Lærekandidat

En lærekandidat skal i løpet av opplæringstida si nå delar av læreplanmåla i faget. Det vil sei at det ikkje vil være mogleg å ta fagprøven etter endt opplæringskontrakt. Det vil likevel være mogleg å bygge vidare til eit fagbrev, lurer du på korleis, kan du ta kontakt med Opplæringskontoret for meir informasjon.