Industritapetserfaget

En industritapetserar arbeider med produksjon av stoppmøblar. Veldig forenkla kan vi sei at ein industritapetserar bearbeidar alt det «mjuke» på møblane. Det foregår i stor grad ved hjelp av maskiner og maskinelt verktøy. Materialkunnskap, tilskjering og saum er viktige oppgåver for ein industritapetserar. Men også montering og ferdigstilling av møblar etter norsk og internasjonal standard er viktige oppgåver.

En industritapetserar skal kunne arbeide effektivt og planmessig, sjølvstendig og i samarbeide med andre. Du bør vere nøyaktig, ha godt handlag og estetisk sans.

Mulige veier til fagbrev som industritapetserar:

Vg 1 Vg 2 Vg 3
Teknologi- og industrifag Industriteknologi 2 år som lærling i industritapetserfaget
Elektro og datateknologi X Industriteknologi 2 år som lærling i industritapetserfaget

X = kryssløp til vg2 industriell møbelproduksjon

Moglegheita for å få lærekontrakt utan «riktig» skulegang er der også. Ver då oppmerksom på at det kan medføre lengre læretid og fleire eksamenar før fagprøva.

Lærekandidat

Ein lærekandidat skal i løpet av opplæringstida si nå delar av læreplanmåla i faget. Det vil sei at det ikkje vil være mogleg å ta fagprøva etter endt opplæringskontrakt. Det vil likevel være mogleg å bygge vidare til eit fagbrev, lurer du på korleis, kan du ta kontakt med Opplæringskontoret for meir informasjon.