Industrisnikkarfaget

En industrisnikkar arbeider med produksjon av møblar og innreiing. Det meste av produksjonen foregår maskinelt der effektivitet og kvalitet står i fokus. En industrisnikkar skal kunne delta på heile produksjonsprosessen, frå inntak av råvarer til ferdigstilling av produkt. Førstelinjes reparasjon og vedlikehald av maskiner og utstyr er også viktige arbeidsoppgåver.

En industrisnikkar arbeider planmessig, er ansvarsbevisst, effektiv og rasjonell. Du vil arbeide både sjølvstendig og i samarbeid med andre. Godt handlag og teknisk innsikt er viktige eigenskapar om du ønsker å bli industrisnikkar.

Moglege vegar til fagbrev som industrisnikkar:

Vg 1 Vg 2 Vg 3
Teknologi og industrifag industriteknologi 2 år som lærling i industrisnikkarfaget
Elektro og datateknologi X industriteknologi 2 år som lærling i industrisnikkarfaget
Bygg og anleggsteknikk Treteknikk 2 år som lærling i industrisnikkarfaget

X = kryssløp til vg2 industriteknologi

Moglegheita for å få lærekontrakt utan «riktig» skulegang er der også. Ver då oppmerksom på at det kan medføre lengre læretid og fleire eksamenar før fagprøva.

Lærekandidat

Ein lærekandidat skal i løpet av opplæringstida si nå delar av læreplanmåla i faget. Det vil sei at det ikkje vil vere mogleg å ta fagprøva etter endt opplæringskontrakt. Det vil likevel vere mogleg å bygge vidare til eit fagbrev, lurer du på korleis, kan du ta kontakt med Opplæringskontoret for meir informasjon.