Gjenvinningsfaget

Vg3 gjenvinningsfaget handlar om handtering og forvalting av lausøyregjenstandar og stoff som skal kasserast.

Faget gir lærlingane kompetanse til å forvalte ressursane og verdiane som finnast i avfall, for å bidra til ei berekraftig samfunnsutvikling.

Vg3 gjenvinningsfaget skal bidra til å utvikle fagarbeidarar som er forberedt på eit arbeids- og samfunnsliv med høge krav til miljøhensyn og gjenvinning.

 

Moglege vegar til fagbrev som gjenvinningsoperatør:

vg1 vg2 vg3
Teknologi- og industrifag Industriteknologi 2 år som lærling i gjenvinningsfaget

Moglegheita for å få lærekontrakt utan «riktig» skulegang er der også. Ver då oppmerksom på at det kan medføre lengre læretid og fleire eksamenar før fagprøva.

Lærekandidat

Ein lærekandidat skal i løpet av opplæringstida si nå delar av læreplanmåla i faget. Det vil sei at det ikkje vil vere mogleg å ta fagprøva etter endt opplæringskontrakt. Det vil likevel vere mogleg å bygge vidare til eit fagbrev, lurer du på korleis, kan du ta kontakt med Opplæringskontoret for meir informasjon.