Dataelektronikarfaget

Dataelektronikarfaget gir deg moglegheit til å arbeide i mange typar bedrifter i dei fleste delar av arbeidslivet, både i privat og offentleg sektor.

Nokre sentrale arbeidsoppgåver er installasjon, drift og vedlikehald av ulike elektroniske system og datasystem. Feilsøking, kommunikasjon, rådgiving og kundetilpassing er andre oppgåver.

Utvikling av ny teknologi bør vere to av interessene dine. Gode haldningar angåande personvern og etikk er også viktige eigenskapar, samtidig med at du bør være serviceinnstilt og kunne lytte til kunden sine behov og ønsker.

Moglege vegar til fagbrev som dataelektronikar:

Vg 1 Vg 2 Vg 3 Vg 4
Elektro og datateknologi Datateknologi og elektronikk Dataelektronikarfaget 1,5 år som lærling i dataelektronikarfaget

Moglegheita for å få lærekontrakt utan «riktig» skulegang er der også. Ver då oppmerksom på at det kan medføre lengre læretid og fleire eksamenar før fagprøva.

Lærekandidat

Ein lærekandidat skal i løpet av opplæringstida si nå delar av læreplanmåla i faget. Det vil sei at det ikkje vil vere mogleg å ta fagprøva etter endt opplæringskontrakt. Det vil likevel vere mogleg å bygge vidare til eit fagbrev, lurer du på korleis, kan du ta kontakt med Opplæringskontoret for meir informasjon.