CNC er ei forkorting for Computer Numerical Control. Ein CNC-operatør brukar ei datamaskin til å styre mekaniske maskiner som bearbeidar forskjellige typar materiale. Du lagar komplekse delar ved hjelp av datastyring av bor, sliperar, sveisemaskiner, freserar og liknande. CNC-maskiner nyttast også til å datastyre produksjonsmaskiner innan forskjellige typar industri.
Du må kunne arbeide nøyaktig, rasjonelt og effektivt. Arbeidet skjer både sjølvstendig og i samarbeid med andre. Interesse for maskiner og teknologi samt god handlag er ein fordel.
Moglege vegar til fagbrev som CNC-operatør:
Vg1 | Vg2 | Vg3 |
Teknologi- og industrifag | Industriteknologi | 2 år som lærling i CNC-maskineringsfaget |
Elektro og datateknologi | X Industriteknologi | 2 år som lærling i CNC-maskineringsfaget |
X = kryssløp til vg2 industriteknologi
Moglegheita for å få lærekontrakt utan «riktig» skulegang er der også. Ver då oppmerksom på at det kan medføre lengre læretid og fleire eksamenar før fagprøva.
Lærekandidat
Ein lærekandidat skal i løpet av opplæringstida si nå delar av læreplanmåla i faget. Det vil sei at det ikkje vil være mogleg å ta fagprøva etter endt opplæringskontrakt. Det vil likevel vere mogleg å bygge vidare til eit fagbrev, lurer du på korleis, kan du ta kontakt med Opplæringskontoret for meir informasjon.