Eg vil bli lærling

Ta kontakt med oss for å finne aktuelle lærebedrifter i ditt lærefag.

Når du veit kvar du vil søke, er det lurt å ringe bedrifta for å vise interesse både for faget og for den aktuelle lærebedrifta. 

Skriv søknader og send direkte til bedriftene, men legg til Opplæringskontoret på kopi (post@tipnett.no). Då er det lettare for oss å følgje opp alle som har søkt.

Dersom du ikkje har konkrete bedriftsønsker, sender du en søknad til oss, så formidlar vi vidare til dei lærebedriftene vi meiner passar deg.

Husk å legge ved kopi av vitnemål og evt. attestar. Det er også ein fordel om du har referanse.

Dersom du ikkje har lykkkast i å få læreplass, ta kontakt med oss for hjelp vidare. Vi har mange gode bedrifter å kontakte.

NB! Du må også huske å registre deg på www.vigo.no.

Husk:

– registrer deg på www.vigo.no

– send søknad til minimum 5 bedrifter

– legg ved kopi av vitnemål og attestar

– spør før du fører opp nokon som referanse

Send søknad med CV til post@tipnett.no.