Eg er lærling

Etter dei aller fleste fagbrev kan du ta:

Vg3 påbygging til generell studiekompetanse.

Dette gir moglegheita til studier på høgskule og universitet. Viktig å vere obs på evt. spesielle inntakskrav og om det medfører spesialisering på vg3 nivå.

Y-vegen.
Dette er utdanningar på høgskulenivå som er spesielt tilrettelagt for fagarbeiderar. Dette tilbodet finnast bl.a. for ingeniørutdanninga ved NTNU i Ålesund.

Teknisk fagskule. Dette tilbodet finnast for bestemte grupper, for eksempel industrimekanikar,industrisnikkar og industritapetserar. Teknisk fagskule utdannar mellomleiarar. Etter endt utdanning har du i tillegg generell studiekompetanse og kan gå vidare til høgskule eller universitet.

For dei som har svennebrev gjeld det same som over, men i tillegg kan dei utdanne seg til å bli meisterar innan sitt fag.

Sist, men ikkje minst: du har moglegheit til å arbeide som fagarbeidar.