Dagsamling

Tirsdag 13. september var det tid for dagsamling for 1.- og 2.årslærlingane våre!

Denne gongen gjekk turen til Molde.

Der besøkte vi Brunvoll AS som produserer thrusterar til båtar. Vi fekk ein flott presentasjon av bedrifta før vi fekk ein runde i produksjonen. Og her er det jammen snakk om dimensjonar! Det er så store thrusterar at vi hadde god plass til fellesbilete i tunellen som er rundt den gigantiske propellen.

Bedrifta tok svært godt imot oss, og dei har sjølve eit stort fokus på god opplæring og lærlingar. Dei har mange lærlingar i fleire fag, dei har til og med ein eigen lærlingmodell dei kallar for Brunvoll-modellen. Dei lærlingane som tek læretida etter denne modellen tek først automasjonsfagbrev og så industrimekanikarfagbrevet. Då har dei 2 fagbrev på 2,5 års læretid. Dette er eit alternativ som også andre lærlingar i andre bedrifter kan velge. Då vil den sjølvsagt ikkje heite Brunvollmodellen, men det er eit godt alternativ for dei som ønsker fleire føter å stå på.

Etter besøket på Brunvoll gjekk turen til Panorama bowling, også i Molde. Her vart det både bowla, spelt biljard og ete pizza.

Share this post

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on linkedin
LinkedIn
Share on whatsapp
WhatsApp