Besøk hos VG1 Teknologi- og industrifag

Det er sjølvsagt viktig med gode og trygge arbeidsklede når ein arbeider i industrien.

Elevane ved Sykkylven Vidaregåande skule skal førebu seg til arbeidslivet, dette inneber også bruk av gode verneutstyr og arbeidsklede.

Vi på Opplæringskontoret er stolte av samarbeidet med skulen og er difor med og støttar innkjøp av bl.a. kjeledressar som elevane brukar når dei arbeider i verkstaden.

Denne veka besøkte vi VG1 Teknologi- og industrifag for å slå av ein liten prat, sjå korleis dei nye kleda passa og kva dei arbeidde med i verkstaden.

Share this post

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on linkedin
LinkedIn
Share on whatsapp
WhatsApp