Årets lærling!

Det var ei svært overraska Anna Regine Vada Blom som kunne motta tittelen som Årets lærling!

I nominasjonsteksten og på diplomen kunne vi lese følgande: Anna fyller alle kriteria som er sett. Frå første dag har ho hatt evne til å sjå kva som skal gjerast og korleis oppgåvene kan løysast. Ho har ein effektivitet som overgår dei fleste, og er alltid klar for nye utfordringar. Ho har alt hatt ansvar for fleire store prosjekt, heilt frå oppstartfase, kundekontakt, prosjektering og produksjon.

Ho har også engasjert seg i ungdomsgruppa til Norske Trevarer,og er gjennom denne med på å synleggjere faget sitt.

Totalt sett ein framifrå ressurs for ei bedrift!

 

Vi gratulerer

Lærling i produksjonsteknikkfaget ved Rovde Møbel og Design AS 

Anna Regine Vada Blom

Som årets lærling 2022

Share this post

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on linkedin
LinkedIn
Share on whatsapp
WhatsApp