Sveisefaget

Sveisarar arbeider i fleire bransjer, f.eks. mekanisk industri, oljeindustri og skipsbygging.

Hovudoppgåva til ein sveisar er å føye saman materialer ved hjelp av forskjellige smelteprosessar. Dagens sveisemetoder gjer det mogleg å sveise dei fleste metall. Du kan arbeide med alt frå små elektronikkdeler til store konstruksjonar som maskiner, båtar eller delar til industrien.

En sveisar arbeider etter arbeidsinstruksjonar, teikningar og sveiseprosedyrer. Handtering av materialer og verktøy for materialbearbeiding, samt vedlikehald og feilsøking på sveiseutstyr er vanlege arbeidsoppgåver.

Samarbeidsevne, men også det å arbeide sjølvstendig er viktige eigenskapar for en sveisar. Du bør være praktisk anlagt, ha evne til å jobbe nøyaktig og du må ha fokus på eiga og andres sikkerheit.

Moglege vegar til fagbrev som sveisar

Vg 1 Vg 2 Vg 3
Teknologi- og industrifag Industriteknologi 2 år som lærling i sveisefaget
Elektro og datateknologi X Industriteknologi 2 år som lærling i sveisefaget

X = kryssløp til vg2 industriteknologi

Moglegheita for å få lærekontrakt utan «riktig» skulegang er der også. Vær då oppmerksom på at det kan medføre lengre læretid og fleire eksamenar før fagprøva.

Lærekandidat

Ein lærekandidat skal i løpet av opplæringstida si nå delar av læreplanmåla i faget. Det vil sei at det ikkje vil vere mogleg å ta fagprøva etter endt opplæringskontrakt. Det vil likevel vere mogleg å bygge vidare til eit fagbrev, lurer du på korleis, kan du ta kontakt med Opplæringskontoret for meir informasjon.