Kjemiprosessfaget

Som fagoperatør kan du få jobb i kjemisk prosessindustri. Denne femnar ei rekke bransjeområder som kjemisk og petrokjemisk industri, kjemisk mineralindustri, farmasøytisk industri, produksjon av sildeolje, olje og gass offshore og møbel. Du kan også få jobb i metallurgisk industri, for eksempel i eit smelteverk, ovnshus eller støyperi.

Ein fagoperatør i kjemisk prosessindustri skal kunne arbeide planmessig, nøyaktig og grundig, sjølvstendig og i samarbeid med andre. Det stillast store krav til sosial kompetanse og kommunikasjonsevner. Du må kunne nytte sansane (lukte, lytte, sjå, føle) for å oppfatte uønska situasjonar. Det forventast evne til å løyse akutte problem raskt og effektivt.

Moglege vegar til fagbrev som operatør i kjemiprosessfaget:

vg1 vg2 vg3
Teknologi- og industrifag Kjemiprosess- og laboratoriefag 2 år som lærling i kjemiprosessfaget

Moglegheita for å få lærekontrakt utan «riktig» skulegang er der også. Ver då oppmerksom på at det kan medføre lengre læretid og flere eksamenar før fagprøva.