Temakveld 4. november!

Skulenær inviterer til gratis temakveld 4. november kl 18.00 på Næringsfabrikken, for føresette til elevar i ungdomsskulen og vidaregåande. Andre som arbeider med ungdom er også hjarteleg velkomne!

Tema er moglegheitene innan utdanning og arbeid i Sykkylven og omegn.

Program:

  • Vi høyrer frå to elevar frå Sykkylven vgs; Mia Flister og Jonatan Liaskar.
  • Kurt Sørgård og Mathias Hovet fortel om kva som har ført dei tilbake til bygda.
  • Vi treff ein fersk fagarbeidar frå helse- og oppvekst, Helene Berg, og Margit Overå frå kommunen vil fortelje kva kompetansebehov dei har framover.
  • Tre bedrifter fortel om kompetansebehovet i deira bransje; Bilspesialisten, Griff og Sykkylven stål.
  • Trude Huse frå Sykkylven vgs fortel om moglegheitene innan utdanningssystemet.

Husk påmelding innan 31. oktober! Påmelding her:

Påmeldingsskjema til Temakveld for føresette – Fyll ut skjema

Vel møtt til ein triveleg kveld!

 

Kven er Skulenær?

Samarbeidsforumet Skulenær består av representantar frå Sykkylven ungdomsskule, Sykkylven vidaregåande skule, NAV, Sykkylven Industri- og Næringslag, Opplæringskontoret for Møbel-, Tre- og Mekanisk industri, Sykkylven kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune. Det handlar om å knytte utdanning og næringsliv tettare saman. Samarbeidsforumet møtast fast fire gongar i året, i tillegg til ulike samarbeid som skjer på tvers gjennom året.

Formål: ​

  1. Behovsretting av utdanningstilbodet for å for å møte framtidig kompetanse- og kapasitetsbehov i næringslivet lokalt/regionalt – vi skal bidra til å utdanne elevar som næringslivet har behov for.​
  2. Styrke den vidaregåande skulen i Sykkylven – vi skal bidra til å styrke den vidaregåande skulen i Sykkylven gjennom å jobbe saman for å tilby relevante faglinjer, samt vere ein pådrivar i arbeidet med å informere og påverke på ungdomsskulenivå. ​

Mandat: ​

Samarbeidsforumet ønska å vere ein dialogarena for lokalt næringsliv og skulane i Sykkylven som kan ta dei overordna diskusjonane. Samarbeidsforumet skal kunne gje innspel der og når det er relevant, og vere ein pådrivar for å sette i gong aktivitet som bidreg til hovudformåla til forumet (sjå hovudformål 1 og 2).

Share this post

Share on facebook
Facebook
Share on twitter
Twitter
Share on linkedin
LinkedIn
Share on whatsapp
WhatsApp